Spørsmål og svar

Faktura og betaling

Straum

Korleis får eg straum til hytta mi? 
For å få straum må du ha nett-tilknyting. Du kan få meir informasjon om dette ved å kontakte kundeservice på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-energi.no
Kva er nett? Kvifor har vi både nett og kraft? 
"Nett" er det fysiske straumnettet som er knytt til bustaden din. Dette treng du for at du i det heile skal få staum. Kraft er sjølve straumen som blir levert gjennom straumnettet. I vårt område er det berre Stryn Energi som leverer nett. Kraft kan du i utgangspunktet bestille frå fleire tilgjengelege leverandørar. NVE sine retningsliner for marknadsføring gjer at vi må skille mellom markedsføring av kraft og nett-tenestene.

Nett

Kvar finn eg driftsmeldingar 
Dei tre siste driftsmeldingane vil ligge på startsida for våre nett-tenester (klikk på "STRYN NETT" i hovudmenyen). Ved å klikke på ei av desse vil du få oversikt over tidlegare driftsmeldingar.

Nettleige

Kva er nettleige? 
Nettleige betalar du for å vere knytt til straumnettet og få levert staumen frå produksjonsstaden og heim til deg. Nettleiga og fastledd vert fastsett av Stryn Energi, utifrå rammer fastsett av myndigheitene ( NVE). Nettleiga går til å dekke kostnadane med ei stabil og sikker straumforsyning. Den skal dekke dei kostnadane som nettselskapet har med å byggje, drive og vedlikehalde linjer, kablar og transformatorstasjonar. På toppen av nettleiga kjem offentlege avgifter som meirverdiavgift og forbruksavgift til staten.
Kva er nettleige fastledd? 

Nettleige fastledd er eit beløp pr år, som alle må betale. Storleiken på beløpet heng saman med sikringsstørelsen. For vanleg hushaldning/fritidshus er fastleddet for tida kr 3 344,- (inkl. mva.). Fastleddet blir fordelt på kvar rekning, etter antal dagar i fakturaperioden. Fastleddet blir betalt etterskotsvis.

Hva er Forbruksavhengig nettleige? 

Dette er dem nettleiga som skal betalast etter kor mange kWh ein brukar. For hushaldningar er Nettleiga pr dags dato 47,90 øre/kWh (inkl. offentlege avg.).

Kva er forbruksavgifta? 

Forbruksavgifta er ei avgift som går direkte til staten. Den vert fastsett på bakgrunn av forbruket (i kWh), og er pr dags dato på 20,40 øre/kWh (inkl. mva.) for nesten alle kundar.

NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.