Kompensasjon for lange straumbrot

Kompensasjon ved langvarig straumbrot:
Dersom du som nettkunde opplever straumbrot over 12 timar samanhengande, kan du søke om kompensasjon som følgje av avbrotet. OBS. Kun ein kompensasjon pr. kunde/sluttbrukar.

Kven kan nytte ordninga:
Ordninga gjeld kundar med eit samanhengande avbrot i straumforsyninga over 12 t. 

Slik søkjer du:
Elektronisk søknadsskjema ligg lenger nede på nettsida. Ved innsending av skjemaet får du kvittering på at søknaden er motteken.

Krav til søknaden:
Den som er registrert som kunde må sjølv fremje krav om kompensasjon skriftleg/elektronisk overfor Stryn Energi Nett. Kravet må fremjast innan rimeleg tid etter at straumen er tilbake.

Utbetaling:
Godkjent utbetaling vil bli godskrive på første faktura etter at søknaden er handsama.

 Kompensasjonsbeløp:
 kr.    600,- for avbrot over 12 timar opp til og med 24 timar
 kr. 1.400,- for avbrot over 24 timar opp til og med 48 timar
 kr. 2.700,- for avbrot over 48 opp til og med 72 timar

 For avbrot ut over 72 timar vert det gitt eit tillegg på kr. 1.300,- for kvar ny innleia  tjuefire-timars periode avbrotet varar.

For hytter/naust og fritidshus kan samla årleg kompensasjonskravkan ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneverande år.

Eventuell skade:
Følgjeskadar på materiell som frysarar, kjøleskap osv. skal du melde til ditt eige forsikringsselskap.Viser også til "Standard Nettleigeavtale" angåande erstatning.

Opplysningar om kunden som set fram kravet






Opplysningar om straumbrotet


NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.