Eltilsyn (DLE)

Stryn Energi AS representerer Det lokale eltilsyn (DLE) i vårt nettområde.

  • Vi utfører regelmessig kontroll i bustader, hytter o.l.
  • Vi føretek stikkprøvekontroll på nye anlegg, utviding, omlegging m.v.

Installasjonsarbeid kan berre utførast av godkjent elektroentreprenør. Denne skal melda slikt arbeid til oss. Installatøren skal og levera deg som eigar/brukar av anlegget eit garantibevis, såkalla "Samsvarserklæring", som er ein garanti for at anlegget er i samsvar med forskrifter og normer. Det er viktig at dette vert oppbevart på eigedomen som dokumentasjon ved kontroll frå oss, i samband med forsikringssaker eller ved sal av eigedomen.

  • Ta kontakt med oss ved spørsmål om kontroll og elsikkerheit.

Til elektroinstallatøren:


Alle nyanlegg og utviding/omlegging som medfører arbeid i målepunkt, endring av inntak og/eller overbelastningsvern skal meldast til netteigar/DLE på fastlagd skjema.


Skjemaet og veiledning finn du på linja under. Dette må fyllast ut, skrivast ut og underskrivast av aut. installatør og sendast til oss i god tid, jfr. Installasjonsreglane.

 

Skjema for melding om installasjonsarbeid

 

NYTTIGE SKJEMAER

KONTAKT OSS

KVIFOR KRAFT + NETT

Har du spørsmål til noko som du ikkje finn informasjon om på våre nettsider? Kontakt oss på telefon 57 87 36 00 eller post@stryn-nett.no

Stryn Energi er pålagt å levere nett i eit bestemt område. Dette er ei teneste som ikkje er konkurranseutsett. Kraftlevering er derimot eit produkt du som kunde kan velgje. NVE sine retningsliner tilseier at nett og kraft må skillast på to ulike nettsider.